Menu

Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Show posts Menu

Messages - Ingvar Åberge

#1
Ny forskning / PETM
10.10.2021, 19:12:53
IPCC likar å bruka oppvarminga på overgangen mellom paleocen og eocen for cirka 55 eller 56 millionar år sidan som ein modell for dagens globale oppvarming. Denne episoden kan ein finna omhandla her:

https://en.wikipedia.org/wiki/Paleocene%E2%80%93Eocene_Thermal_Maximum

Youtube har ein masse dokumentarar om temaet, utan at eg har sett på langt nær alle:

https://www.youtube.com/results?search_query=petm

Det som synest nokså klart er at jorda i utgangspunktet var vesentleg varmare enn i dag, med begge polane isfrie og eit derav fylgjande høgt havnivå. På toppen av dette kom så ei oppvarming på mange grader i løpet av geologisk sett kort tid. Mykje av landjorda vart til tropisk regnskog, medan havet vart forsura og mogelegvis oksygenfattig.

Ein reknar med at store utbrot av basaltisk lava i Nord-Atlanteren utløyste det heile. Kva som vidare skjedde finst det ulike meiningar om. Eg lurer på kva folk tykkjer om denne nokså ferske artikkelen om temaet?

https://andymaypetrophysicist.com/2021/08/18/the-paleocene-eocene-thermal-maximum-or-petm/

Her er mellom anna sagt at det var svovelet frå vulkanismen, og ikkje karbonet, som forsura havet. Det kan høyrast plausibelt ut. Svovelsyre i havet vil på den andre sida frigjera CO2 til atmosfæren. Men isoptopprofilen syner jo at det kom ein sterk innfluks av organisk karbon inn i karbonatsystemet på denne tida. Det tilseier at korkje vulkanismen eller avgassing frå havet var hovudkjelda til karbondioksidet i atmosfæren.

Men kan det stemma som Andy May skriv at toppen i CO2 kom nokre hundre tusen år etter temperaturtoppen? Kva kan i så fall ha vore årsaka til det? Eller skuldast dette at ein ikkje greier å kalibrera dei geologiske laga rett?
#2
Dei opererer jo berre med gjennomsnittlege karbonavtrykk, noko som ikkje stimulerer til lågutsleppsløysingar innan kvar bransje. No er det ikkje slik at eg er så oppteken av å få ned CO2-utsleppa, men gitt at det er det som er målet burde det jo vera økonomiske insentiv som premierte vare- og tenesteleverandørar med låge utslepp.