Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.


Topics - Ingvar Åberge

Pages: [1]
1
Ny forskning / PETM
« on: 10.10.2021, 19:12:53 »
IPCC likar å bruka oppvarminga på overgangen mellom paleocen og eocen for cirka 55 eller 56 millionar år sidan som ein modell for dagens globale oppvarming. Denne episoden kan ein finna omhandla her:

https://en.wikipedia.org/wiki/Paleocene%E2%80%93Eocene_Thermal_Maximum

Youtube har ein masse dokumentarar om temaet, utan at eg har sett på langt nær alle:

https://www.youtube.com/results?search_query=petm

Det som synest nokså klart er at jorda i utgangspunktet var vesentleg varmare enn i dag, med begge polane isfrie og eit derav fylgjande høgt havnivå. På toppen av dette kom så ei oppvarming på mange grader i løpet av geologisk sett kort tid. Mykje av landjorda vart til tropisk regnskog, medan havet vart forsura og mogelegvis oksygenfattig.

Ein reknar med at store utbrot av basaltisk lava i Nord-Atlanteren utløyste det heile. Kva som vidare skjedde finst det ulike meiningar om. Eg lurer på kva folk tykkjer om denne nokså ferske artikkelen om temaet?

https://andymaypetrophysicist.com/2021/08/18/the-paleocene-eocene-thermal-maximum-or-petm/

Her er mellom anna sagt at det var svovelet frå vulkanismen, og ikkje karbonet, som forsura havet. Det kan høyrast plausibelt ut. Svovelsyre i havet vil på den andre sida frigjera CO2 til atmosfæren. Men isoptopprofilen syner jo at det kom ein sterk innfluks av organisk karbon inn i karbonatsystemet på denne tida. Det tilseier at korkje vulkanismen eller avgassing frå havet var hovudkjelda til karbondioksidet i atmosfæren.

Men kan det stemma som Andy May skriv at toppen i CO2 kom nokre hundre tusen år etter temperaturtoppen? Kva kan i så fall ha vore årsaka til det? Eller skuldast dette at ein ikkje greier å kalibrera dei geologiske laga rett?

Pages: [1]